A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida/Framsida

PRESSEMELDING: 30.09.13

Evaluering - klorgasslekkasje på Forsand kulturhus 27.09.2013

Etter ein gjennomgang av hendinga i dag med dei involverte partane, har vi konkludert med at årsaka skuldast avvik frå rutine. På grunn av feil ved ein automatisert blandingsprosess blei ein manuell rutine vald. Denne rutinen blei ikkje fulgt fullt ut og avviket skapte difor ein situasjon som kunne ført til utvikling av klorgass.

Etter evalueringa i kriseleiinga i dag er vi nøgde med måten hendinga blei handtert, og med den påfølgjande evakueringa.  Etter avviket valde vi å foreta evakueringa basert på «føre var-prinsippet».  I dette høvet vil vi berømme personalet ved Forsand skule som saman med elevane handterte evakueringa på ein god måte.

Vi har gjennom målingar ikkje dokumentert at det blei utvikla eit helseskadeleg nivå av klorgass.  Hendinga vil vidare bli handtert i samsvar med kommunen sitt kvalitetssystem som ei uønska hending, slik at vi kan unngå at noko slikt skjer igjen.

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett