www.pilt-ola.no

Kva meiner du?

Brukarundersøking av kommunale tenester

Publisert: 22. mars 2012 , oppdatert : 22. mars 2012
Organisasjonssjef Audun Grødem melder at Forsand kommune vil gjennomføre ei brukarundersøking i løpet av dei næraste vekene. Brukarar av dei fleste kommunale tenester vert invitert til å gje tilbakemelding om kva dei meiner om tenestene dei mottar.
Undersøkinga er eit ledd i kommunen sitt arbeid med å utvikle tenester til beste for innbyggjarane. Ut frå innspela kommunen får vil kvart tenesteområde vurdere kva som kan gjerast for å bli betre. Informasjon om resultatet av undersøkinga vert lagt fram for kommunestyret, truleg i mai.

Før månadsskiftet vil det bli sendt brev til brukarane. For enkelte tenester vil og dei pårørande bli spurt. Brevet vil innehalde informasjon om korleis ein går fram saman med eit passord som skal nyttast ved innsending av svar.

Undersøkinga er anonym.

Svarfrist er sett til 30. april.
Tips ein ven Skriv ut